Перейти к содержимому

Noreg i dans og spel: 23. Sogn og Fjordane - Dalsfjorden

Norwegian Centre for Traditional Music and Dance

0:00 / 0:00

Noreg i dans og spel: 23. Sogn og Fjordane - Dalsfjorden

580 просмотров · 3 года назад
Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
1,12 тыс. подписчиков
580 просмотров · 3 года назад
23. Sogn og Fjordane - Dalsfjorden Opptak frå Landskappleiken, Rauland 1994. Hilde Bjørkum og Vidar Underseth dansar halling. Sigmund Eikås spelar hardingfele. Slått: Lodvikjen. Om dansen Hallingen på dette opptaket har meste tradisjonsgrunnlaget sitt frå bygdene rundt Dalsfjorden i Sunnfjord. Han vart oppdaga gjennom Rff-sentret sitt innsamlingsarbeid og dokumentert grundig på film i 1980-åra med fleire gode utøvarar i folkeleg tradisjon. Liknande former av halling dansa som pardans kan ha funnest vidare om i Sunnfjord og på Vestlandet elles tidlegare. Dansen er bygd opp som ein typisk bygdedans med ein vendingsdel med side- og akslevendingstak og snuingar under armane, ein lang lausdans, og så ein samdansdel med bygdedanssnu både rett- og rangsøles. Opninga er den mest vanlege i bygdedans, at guten held jenta si venstre hand i si høgre medan dei begge dansar framover langsetter ringen. Så fører guten jenta rundt seg og inn i sidevendingstak bak til høgre. Sidan er dansemåten prega av stor valfridom mellom ei rekkje alternative moglege samansettingar av motiva. Stega er eittrinnssteg over eitt taktslag (gåstega og spøtinga) og eittrinnsteg over to taktslag (guten hoppar på begge og eine, deretter begge og andre foten, og fører ledig fot fram). Dette er same stegtype som guten bruker i krukinga i gangaren i Setesdal, men stilen er heilt annleis. Om musikken Dette er ein slått i tradisjonell form og stil som Sigmund Eikås sjølv har laga. Slåtten er tileigna Eikås sin sambygding og ven, kunstprofessoren Ludvig Eikaas. Felestillet er oppstilt bas, a-d-a-e.